tirsdag 10. desember 2013

Husk utstilling onsdag 11.desember.

Husk utstillinga onsdag 11.desember kl 17-19 ved Eivindvik skule.
Her er mykje flott elev arbeid frå elevar 1-10 klasse.
Det blir også åpen kafe, med nystekte vaflar...
Hjarteleg velkomne





tirsdag 3. desember 2013

Litt jule stemning i 6-7 kl..

6-7 klasse har laga flotte julenisser. Dei har fått prøvd seg på å sy på maskin, og sydd
for hand.  Resultat blei  flotte små nisser, dei blir å sjå på utstillinga
11. desember








Heimelaga fuglemat...

1-4 klasse har no laga fuglemat som me har fylt i pepperkake formar.
Me sat eit sugerør stykke i fuglematen, slik at det blir hull til  å tre tau til oppheng. Her viser vi
litt av prosessen.Vi har brukt fugle frø, og matfett utan salt.
Smelta fettet og hatt oppi fuglefrø. Lat det stå ein stund å tjukne litt, slik at det ikkje
renn ut av formane.


Etter me lagde fuglematen, tegna elevane fuglar dei kjende til, eller fantasi
fuglar. Dei klypte dei ut, og limte dei på papir påsar av gråpapir.
Dei legg me fuglematen oppi når dei er ferdig stivna og tatt ut av formane.
Ein flott gåve å gje, og så tenkjer me på fuglane som treng litt mat i vinter.
Her er nokon av fuglane...









1-2 klasse sine fugle påsar.

3-4 klasse sine fugle påsar...